Frå januar-31.12.2021 blir det ledig vikariat som kontorfullmektig ved Skrivekunstakademiet. Vi søkjer ein dyktig og arbeidsam person med utprega ordenssans, gjerne med røynsle frå administrasjon. Evne til samarbeid og kommunikasjon med lærarstab, leiar og studentar er viktig, saman med evna til å arbeide sjølvstendig og disiplinert.
Arbeidsoppgåvene vil vere faste daglege gjeremål som studentkontakt, henting og handsaming av post, registrering og arkivering av brev og faktura, diverse kunde-og ordreoppfølging, samt samarbeid med dagleg leiar, praktisk assistanse til undervising både når det gjeld årsstudiet, påbyggingskurset og kortare kurs. Stillinga inneber oppgåver innan IT, som oppdatering og utvikling av nettsider, informasjon og formidling, samt systematisering og drift av bibliotek. Administrasjonsspråket er nynorsk.
Stillinga er ei deltidsstilling på 60%. Løn etter avtale.
Søknadsfrist: 7. desember 2020.
Kortfatta skriftleg søknad med cv og referansar sendast til Øyunn Viken
For nærare opplysingar, kontakt akademileiar Øyunn Viken, tlf. 412 06 857/epost eller kontorfullmektig Anngjerd Rustand, tlf. 913 66 186/epost.